Underskrev intensjonsavtale med Sveio i dag

Ordførerne i Haugesund og Sveio kommune underskrev i dag en intensjonsavtale om en fremtidig NY kommune mellom Sveio og Haugesund. 

Intensjonsavtalen finner du her >>>

Bakgrunnen for avtalen finner du her:

Regjeringa sine mål for ny kommunestruktur er:

  • Styrka lokaldemokratiet og gje større kommunar fleire oppgåver.
  • Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane.
  • Bærekraftige og økonomisk robuste kommunar.
  • Heilskap og samordning i samfunnsutviklinga.

Kommunane skal sjølv vurdera sin eigen situasjon med bakgrunn i desse måla, og saman med nabokommunar sjå på om det finst gode grunnar for samanslåing.

Sveio og Haugesund greidde ut ny kommunestruktur i 2015 i samarbeid med Karmøy og Tysvær. Gjennom det felles utgreiingsarbeidet har me sett på fordelar og ulemper ved ulike alternativ for kommunesamanslåing. Desse går fram i rapporten «Mulighetsstudium om storkommune på ytre Haugalandet» som har vore lagt fram i fellesmøte med alle dei fire kommunane. Sveio og Haugesund kommune har begge vore aktive for å invitere nabokommunar med i samtalar med mål om ein storkommune. NY kommune vil også i framtida invitere nabokommunar inn i eit samarbeid og om ønskjeleg også inn i eit endå større kommunefellesskap.

NY kommune vil med om lag 42 000 innbyggjarar vera ein middels stor kommune. Om ein inkluderer fastlands-Karmøy, vil kommunen kunne ha meir enn 50.000 innbyggjarar. I følgje muligheitsstudiet (rapporten) vil evnen til å planleggja og utvikla samanhengande geografiske område bli styrka. Nærdemokratiet kan svekkast noko, men det lokale sjølvstyret kan styrkast ved at kommunen vert ein sterkare aktør ovanfor overordna styresmakter. Kapasitet og kompetanse vil styrkast i ein middels stor kommune, men ein må sikra geografisk spreiing av tenestene. Samanslåing kan gje ein økonomisk effekt på sikt, men ei utfordring kan vera større avstand til dei som tek avgjerdene. Ein stor fordel med ein større kommune er at det blir betre samsvar mellom det å vere ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion og det å kunne planlegge ein heilskapleg og betre koordinert samfunnsutvikling.

Styringsgruppa har i arbeidet med intensjonsavtalen vore opptatt av at viktige tenester skal vera tilgjengelege for innbyggjarane i like stor grad som i dag.

Kommunestyra i Sveio og Haugesund har gjort vedtak om å føra «nabosamtalar» om ein intensjonsavtale for NY kommune. Kommunestyra kan gjera vedtak om å fremja søknad om samanslåing i juni 2016. Endeleg vedtak vert gjort av Kongen i statsråd i 2017. Ein tek sikte på å etablera ny NY kommune 1. januar 2020.

Forhandlingsutvala har i arbeidet med intensjonsavtalen vore opptatt av at ein legg ned dei gamle kommunane og byggjer opp og skapar ein ny kommune. Ved underteikning av endeleg avtale, er det ei klar forventning om at kommunestyret i NY kommune i dei to neste periodane ikkje gjer vedtak i strid med intensjonsavtalen.

Følgjande har delteke i forhandlingane frå dei to kommunane. Frå Sveio kommune: Ordførar
Jorunn Skåden, varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen, Håkon Skimmeland, Rune Teikari, Lars Einar Hollund, Beathe Susanne Haugland, Jarle Jacobsen, Dagfinn Bjørge og Bjarne Aksnes, Martinsen (sekretær). Frå Haugesund kommune: Ordførar Arne-Christian Mohn, varaordførar May Britt Vihovde, Jarle Utne-Reitan, Herdis Gunn Rødne og Ole Bernt Thorbjørnsen. 

Skåden og Mohn underskrev intensjonsavtalen i dag. Foto: Idar Høviskeland Pedersen

Skåden og Mohn underskrev intensjonsavtalen i dag. Foto: Idar Høviskeland Pedersen

Utskrift