Det historiske politiske vedtaket vart gjort av politikarane i bystyresalen 2. april, og allereie neste dag vart det skåla i Mozell på avdelinga til Olav.
For sjølv om innbyggjarane eller tilsette nok ikkje kjem til å merka så stor forskjell, meiner Olav at det er fint at dei tilsette kan velja mellom begge skriftspråka.
– No kan eg velja kva som passar best frå sak til sak, og eg vil nok nytte høve til å veksla mellom nynorsk og bokmål framover, sier han og oppmodar gjerne kollegar til å testa ut nynorsk i jobben.
Naturleg
30-åringen som er aktiv i kommunepolitikken i nynorskkommunen Sveio og medlem av Noregs mållag, tykkjer det er heilt naturleg at Haugesund kommune er språknøytral. Og at dei tilsette sjølv kan velja om dei vil skriva på bokmål eller nynorsk.
– Dette var absolutt på høg tid. Mangfald og det å velja sjølv, er fint. Berre i vår avdeling er det tre nynorskbrukarar. Nynorsk gir eit enkelt, presist og klart språk i den skriftlege dialogen med innbyggjarane. Det ligg meir naturleg for dialekta vår å skriva på nynorsk. Og det var nett det eg fann ut då eg gjekk på ungdomsskulen og skulle øve til nynorsktentamen, fortel Olav Østbø Olsen som har jobba som saksbehandlar i Byutvikling i tre år.
Språknøytral kommune
Kva vil det seie at Haugesund kommune er blitt språknøytral? I vedtaket heiter det at bokmål og nynorsk er likestilt og at dei tilsette kan velja det skriftspråket som passar dei best. Dette vil styrkja Haugesund kommune sin posisjon som inkluderande, fremtidsretta og tilgjengeleg. Haugesund kommune blir språknøytral kommune frå og med 01.06.2025.
PS: Olav har kvalitetssjekka nynorsken i denne teksten!
Olav Østbø Olsen og Lene Røkke Mathiesen er begge nøgde med at Haugesund kommune er blitt språknøytral.
Cathrine Grindheim